Our Little *SECRET* Up On the Hill

~Where we'll walk every step of *forever*, together.

To His Glory.







mandag 30. juni 2008

Go to work!




I have this conviction that if I just write on my blog that I'm going to do something,
I will do it,
because I have to,
due to the cause that I've already said so =)

I might be wrong,
but today, I'll give it a try:

Now I have to go packing for Chicago,
and go through my closet, bookshelves and other stuff,
throw out what I don't need or use or like,
keep the rest.
Oh, don't worry!
I'm pretty sure that even if I do this twice, I'll never really be minimalistic,
but I do have too much stuff,
next year I'm moving by air,
means I can only bring 20 kg to my new temporary home.
I need this clean out session.
I do.
Okay, so off we go!
Have a blessed, blessed day =)

torsdag 26. juni 2008

Eg er uovervinneleg


I dag har eg kjempa som ein helt. Eg har vunne mange kampar. Eg er uovervinneleg. Motstandaren min var ein treåring i trassalderen.
Ein absolutt verdig motstandar og kampane vart utkjempa med list, smiger, kløkt og mot.
Eg vann kampen om leverposteien (det seier seg sjølv at ein barnevakt ikkje kan godta at halve, utan å overdrive, leverposteiboksen skal på ei einaste skive)
Eg vann kampen om den oransje dropsen (enden på visa var at dropsen fekk ligga i ei glasskål under ein gul tøykrabbe medan den flinke barnevakten nummer to las om "den vesle bjørnen og den vesle tigeren")
Eg vann kampen om dei raude trantablettane (her kom ein far-patrulje til unnsetning, sjølv om me hadde situasjonen under kontroll)
Eg vann kampen om sauen Shaun (etter mange logiske innlegg i den etter kvart svært oppheita debatten om å sjå ein dvd til, såg han ei løysing i boka om "den vesle bjørnen og den vesle tigeren" )
Kampen eg ikkje vann: barnevakt sjarmert i senk
Eg smelta heilt då luringen og eg sat ved sida av kvarandre i sofaen og såg på Elias. Plutseleg snudde han seg mot meg med eit sjarmerande smil og kviskra: "Skal me holda kvarandre?"
Me haldt hender resten av Elias-filmen =)
Eg var uovervinneleg, heilt til då.

tirsdag 24. juni 2008

Eit nytt barn


Eg har vore i Herøysund, på garden Inngjerdet dei siste dagane. Der har eg besøkt farbror Øystein og Una og vesle Solfinn. Eg har øvd meg til å vera au pair i Irland.

Una skulle ha eit barn ganske snart, og natt til mandag vart eg vekt klokka tre om natta. Jordmor sat i stova då eg kom ned, og ikkje lenge etter sat me i bilen på veg til ferjekaien på Sunde for å ta ambulansebåten. I båten var eg barnevakt og passa på at Solfinn ikkje ramla utanfor benken han låg på. Då me kom fram hadde han vakna og var ganske forvirra. Me tok drosje frå kaien til sjukehuset, der slapp me av Una og køyrde vidare opp til Olvikvegen for at eg og Solfinn kunne legga oss til å sova.

Solfinn var på dette tidspunktet ganske vaken og etter å ha lagt seg første gong, stod han opp igjen og var "tørst og sulten". Eg fann skive med kvitost til han og eit glas mjølk og vatn. Då han hadde ete den eine skiva, annonserte han at han ville ha tusen skiver til. Eg og farmor foreslo at han heller kunne få tusen skiver i morgon, for nå var det eigentleg natt. Han var ikkje heilt med på den, logisk nok: når lyset (og regnet) er det same heile døgnet er det ikkje lett å forstå at natta er mellom elleve og åtte.
Han endra ønsket om å eta til å ville lesa bok. Farmor sa me kunne lesa bok dagen etter, men då kom det resolutt: "Nei, i morgon har vi ikkje tid. For då skal vi på sjukehuset og få ut babyen."

Eg gjekk og la Solfinn igjen, og så gjekk eg og la meg.
Dunk, dunk, dunk, dunk.
Lyden av små føter som går ned trappa. Lys barnestemme i etasjen over. Eg står opp att.
Solfinn har no bestemt seg for at han vil lesa bok, nede. Eg les litt for Solfinn, han sovnar ikkje. Farmor tilbyr seg å sitje oppe med han i stova. Eg kapitulerer og legg meg att. Eg veit ikkje om han sov resten av natta, men det gjorde eg.

Eg vakna skraping og dunking på døra mi. Solfinn prøvde å feste eit basketballstativ mellom soveromsdøra mi og dørkarmen. Eg stod opp. Eg møtte farmor på kjøkkenet. Klokka var ni, eg hadde sove i tre timar.

Vesleguten til Una og Øystein kom 06.45.

Solfinn var plutselig storebror. Han var ivrig etter å sjå babyen, så me gjekk bort på sjukehuset. Der møtte me Øystein og Una og vesleguten.
Av farmor fekk han nyplukka roser frå hagen. Av meg fekk han babysokkar strikka av Una sitt restegarn og pinnar. Solfinn fekk ei eske med drops.

Babyen var liten. Han laga lite lyd og var enno verken målt eller vegt. Han hadde heller ikkje navn. Skjønt, alt dette er manglar ein klarar å leve med.

Då Solfinn kom heim til oss etterpå, var det første han sa til Per (som opna døra): "Eg har fått ein baby!"
Dette oppsummerer vel natta og dagen sine hendingar.
GRATULERER TIL UNA, ØYSTEIN OG SOLFINN.

søndag 15. juni 2008

JUBILEUMSINNLEGG!!


Dette er altså innlegg nummer 50 på denne bloggen.

Og det er sanneleg på tide: over ein månad sidan sist!


Ellers er eg heime for sumaren.

Eg er FERDIG MED VIDAREGÅANDE.

Eg treng ALDRI MEIR GÅ PÅ SKULE med mindre eg vil.

Orda med store bokstavar er ord eg likar å seie høgt, med trykk på alle orda. Det gir meg ei deilig kjensle innvending å sei dei,

høgt,

men trykk på kvart ord.


Likevel var fredagen ein sorgens dag. Eg var, som alle andre i tredje klasse, nøydde til å slutta på KVS. Stort tristare kan det verkeleg ikkje verta. Eg grein. Men ikkje på langt nær så mykje som mange andre. Men eg fekk mange gode klemmar og ord eg kjem til å hugsa lenge! Eg har hatt tre fantastiske år på verdas beste skule, eg skulle gjerne ha budd der i ni år til. Men eg er glad for å vere ferdig med eksamen.


Neste år siktar eg mot den grønne øya.

Laaangt heimefrå.

Her skal det verta engelsk å vera stolt av.

eg gler meg

mest fordi eg veit kva eg skal gjere neste år:

eg skal vere au pair i Irland.

eg gler meg.

Gud er god.


God natt.
*eg tykte forresten at det passa framifrå med eit bilete av ein soldat frå første verdskrig som vert kyssa farvel av ei jente. Det er på kinnet, så det er sømeleg nok =) og dette var eit kamuflert farvel innlegg... farvel KVS..