I dag har eg prøvd å setta English-label på alle dei engelske innlegga mine,
og eg fant ut at det var 56 av dei, og dei siste norske fant eg først etter 20 engelske.
Når eg då har kun 100 innlegg på bloggen min
er det klart at eg har neglisjert morsmålet mitt her. Unnskyld =(
er det klart at eg har neglisjert morsmålet mitt her. Unnskyld =(
Her er eit norsk innlegg =)
Ein oppdatering? Skal me ta det? Jaja, viss dåke insistere så...
*Eg er 19 år, 8 månader og 3 dagar gammal.
*Eg bur i Bergen heime hos mor&far.
*Eg jobbar (på ein måte, akkurat no har eg ferie) i barnehage.
*I går hadde me besøk av farmor
*I dag får eg besøk av Ingrid (hu superskjønne som e så flink te å tegna og sova i timen)
*I går bakte eg brød
*I dag er eg lat (eller berre overstadig lukkeleg fordi eg endeleg har fått strømkabel på dataen min og kan skriva vidare på "bøkene" mine)
*Eg skal snart ut og handla mat til Ingrid og meg
*I går var eg på Fretex og handla kle
*Dei hadde ingen kjolar
*Eg har lyst på kjole
*Kanskje eg må sy ein kjole??
*Korleis gjer ein det? Dette må eg finna ut.
*Snart skal eg til USA og besøka ei god venninne =)
*Så får eg besøk av nokon som kallar seg "3mx", huh? Veit ikkje kva det betyr.... kan det være eit sprengstoff?
*I går snakka eg med den irske vertsfaren min i telefonen.
*Eg begynte å grina etter at eg la på. Eg trur eg saknar Irland litt.
*Eg skal baka med Ingrid i helga.
*Jesus blei født i ein skitten stall i Betlehem, Judea, berre for å leva blant menneska i trettitre år, berre for å bli drept, berre for mine synder, berre for at eg skulle ha samfunn med Gud, berre for at døden ikkje lenger skulle ha makt over meg, berre for at synda ikkje skulle ha makt over meg lenger, berre for at det same skulle vera ei gåve til deg.
Var eg flink nå?
Gud velsigne dåke!!!