Our Little *SECRET* Up On the Hill

~Where we'll walk every step of *forever*, together.

To His Glory.







mandag 18. februar 2008

Dedikert Marita


Kjære alle saman,

men mest Marita Handeland frå Finnøy,

sidan dette innlegget er dedikert til deg =)


Det er svært lenge sidan eg har skrive noko på norsk på denne bloggen, og det har eg fått klagar på. Som alltid, er eg villig til å strekke meg svært langt for å gleda ein finnøybu, Marita igjen, og derfor dette innlegget, til og med på nynorsk!! Tenk det! =) kjenn deg beæra, Marita.

Lenge leve Finnøy =)


I dag er det mandag. Det er også vinterferie. Det er grått, tåkete og det regnar ute. Alle øya sine grasplenar og jorder står i fare for å gjennomgå ei saftig rotbløyte =) Det er vinter på vestlandet...

Eg har baka konfektkake (orginaloppskrifta vart funne som helleristning på Bergje på Finnøy, datert til år 7000 f.kr) med lys kokesjokolade, og dette gav ein interessant ny vri på smaken. Veldig godt. Ja, og forutan å bake kake, har eg altså sydd klede (les: sydd om), drøymt fagre draumar om og fabla om å flytte ut i ei lafta røykfylt tømmerhytte med røykomn og heile pakka midt i tjukkaste Finnskogen, helst med geiter og kyr og hest og mann og ungar òg. Med andre ord: alt er ved det vanlege. Eg har forresten skrive litt på ei novelle òg.


Forresten lurar eg litt på kva det er ved livet mitt som gjer det interessant å lese dette innlegget... Kvifor er akkurat DU her, til dømes? Ikkje sånn å forstå, du er hjarteleg velkommen! Any time =) denne bloggen er døgnopen.



Eg vil forresten nytte sjansen til å anbefale desse bøkene:

"Kornet og freden"

"Steinen blømer"

"Kapellet"

dei er kanskje betre kjende som "Finnskogtrilogien" av Åsta Holth. Dei er i alle fall verdt lesinga. Språket kan verke merkeleg til å begynne med, men i mine auge er det heilt nydeleg (skjønt, sidan kjærleik gjer blind og eg er totalt hovudstups og hjelpelaust forelska i desse bøkene, språket innkludert, er eg muligens ikkje heilt til å stole på i denne vurderinga). Bøkene er forresten særemnet mitt, og eg gleder meg utruleg til å begynne å lese dei(denne siste setningen vert forresten, for norsklærarar, rekna for konfidensiell informasjon og kan derfor ikkje nyttast i jobbsamanheng).


"Handlingen tar til mot slutten av 1600-tallet, og den første boken følger den flotte, men svake Pål Tyyskiäinen og hans vakre, viljesterke kone Kerttu. Deres etterkommere får oppleve harde kår på 1700-tallet, da bøndene i norskbygden får øynene opp for verdiene i skogen og finnene synker ned i husmannskår. Men finnene bevarer sine skikker og sitt finske språk, også utover på 1800-tallet. Dette er starten på en ny tid, og finnene drømmer om å få bygd sin egen kirke, slik at de endelig kan føle seg som likeverdige."

Omtalen er henta frå bokklubben.no

Jaja, alle eg kjenner som er interesserte i å ta ei helg fri i sommarferien (sidan dei fleste jobbar då, og ikkje har ferie) til å gå Finnskogleden saman med meg er hjarteleg velkomne til det. Sove under stjernene, kjenne lukta av skog og sommar, bade i uklora vatn, gå i konstant frykt for å møte bjørn eller ulv (mormor leste "ulveslaget" av Jacob Breda Bull, for å få meg frå dette i fjor sommar). Bålrøyk.. =) mmm

No er klokka blitt svært mykje. Så no skal eg gå og legga meg, og drømme om røykstova mi, granskogen, elveglitteret og det svale vatnet i Vermundsjøen.

God natt, Marita og alle dåke andre =)

Guds fred.

3 kommentarer:

David sa...

Veldig fine bøker av Åsta Holt!

Jeg ELSKER Finnskogen...

Anonym sa...

Så koseligt me innlegg dedikert te meg =) Va veldig koseligt :)

kjempe gla i deg, åslaug!!!
klem

Anonym sa...

Latter og smil i frå ho Marianne. :o)