Our Little *SECRET* Up On the Hill

~Where we'll walk every step of *forever*, together.

To His Glory.







fredag 22. februar 2008

Framleis inne i Finnskogverda


Guds fred alle saman!


I dag fekk me nok ein dag.

Dagen starta i sjutida, då eg vakna av det mest voldsame torebraket eg nokonsinne har høyrt, med eit anna rett etter. Eg høyrte at mor eller far (eller begge) tusla rundt nede og tok ut kontaktar. Eg vurderte å gå ned for å slå av ein prat (ja, eg vurderte faktisk det, men då visste eg ikkje at klokka var sju, eg trudde det var "midt på natta"). Men så såg eg ei mus pile over golvet, og ombestemte meg. Litt etter såg eg ein kanin (på rommet mitt, altså), og i ettertid har eg funne ut at eg må ha drøymt båe delar =)


Dagen fortsatte med haglskurer, regnbyger, grå skyar og skodde på fjella. I forfjamsinga over været trur eg vi har gløymt å ete. I dag blei nemleg frukost etterfulgt av middag og etter det har det ikkje blitt noko anna =)


Eg les og les om skogfinnar og Finnskogen, alt eg finn på internett. Hadde eg endå hatt eit særemne i historie kunne eg i alle fall brukt kunnskapen til noko nyttig. Så for å bøte på det les eg jamnleg litt i "Piga" (sjølvbiografien til Åsta Holth) og later som om eg samlar stoff til "om forfattaren". Ho (Åsta, altså) fekk forresten eit morosamt kallenamn ein gong, Åsta; av direktøren på ein folkehøgskule, og det var "Åsta Holdtmeg". Eg syns det var morosamt eg, då.


Eg har også fått eit morosamt løfte i dag. Mor har veldig kort hår, og heilt frå eg var liten har eg alltid ønska å sjå ho med langt hår. Argumentet hennar har vore at håret har vore for krøllete. Men i dag glapp det altså ut av ho at ho skulle vente med å klippe det til eg gifta meg. Hmm, eg trur ikkje det var veldig gjennomtenkt, og kanskje ikkje heller veldig lurt =) Men fornøyelig, så absolutt. Og endå meir om eit par år, kan eg tenke meg.


Verda er ein fin plass. Eg har ikkje så mye å seie i dag, kjenner eg. Men ein ting lurer eg på:

Skjønt, det skal eg komme tilbake til ein annan gong =)


God natt elles, eg skal opp med sola i morgon (ho står opp klokka åtte no, så det er ingen fare, eg får nok skjønnhetssømnen min og meire til) og må derfor legga meg snart =) Lyktestolpen svaiar utanfor vindauget (eg går ut i frå at det tyder at det bles godt endå). Nok ein gong: det er vinter på vestlandet.


1 kommentar:

Anonym sa...

eg er glad i deg!

helsing ingri