Hallo hallo.
I dag e da onsdag.
Eg har brukt ca 10 minutta av dagen på å stå opp,
2,5 min av dagen te å ta russeknuten: "bade i sjøen/elva før 1. mai"
5 tima av dagen te å vera på trafikkdag
15 min (tilsamen) på å dramatisera "russ som drikke vodka og kjøre bil og krasje"
7 tima te å komma meg heim te Stord (som e laaangt frå Lyngdal)
sikkert 1 time (til saman) med å svare på spørsmålet "kan æ/jeg/eg få russekort?"
snart 10 minutta te å blogga på dialekt
snart e dagen over.
De siste vekene har gått med te nåke så på fint kalles "russefeiring".
Da vil sei at
* overalt kor du går risikere du å få stygge og/eller nedlatande blikk fordi du e "russ" (dette late te å ver enten ein smittsom sjukdom a la spedalskhet eller eit slags forkasteleg yrke)
* bilar stoppe langs vegen og prøve:
1. å spruta vatn på deg med vanngevær
2. å slenga ut ein unge som ska spør ette russekort
* dersom du har på deg russebuksa blir du svært ofte "overfalt" av ungar som vil ha russekort, og dei vil som regel ha to slik at de kan ta med til bestemor/lillesøster. Dei bruker ikkje alltid truslar
* bussjåføra må vurdera om de vil ta deg med kystbussen eller ikkje (mest på tull, men likevel)
Eg føle identiteten min desse vekene sakte men sikkert har blitt redusert til ei rød bukse. Eg vett ikkje om da e positivt, men eg trur eg ska skriva meir om dette seinare.
Det er sjølvsagt morsomme ting med å vera russ òg:
* russeknutar: hittil har eg sove i hagen til to lærarar, vore på filmkveld hos ein av dei, snurra tretti gongar rundt og styrta ein liter kulturmjølk (anbefales ikkje, sjøl om kultrmjølk e godt), leikt utstillingsdokke i eit butikkvindu i 15 minuttar, hatt ein seriøs samtale med ein lyktestolpe i 10 minuttar (dersom du føle at folk aldri virkelig lytte te da du seie utan å avbryta e dette ein god idè), pussa gangfelt med tannbørste, leikt hund på rema 1000 i Lyngdal og mykje anna...
* russetreff (Kristenruss) i Kragerø (dette va et høydepunkt)
* terrornatt
* å laga russebuksa di akkurat sånn du vil
* du sleppe å tenka på ka buksa du ska ha på deg når du står opp og har dårlig tid.
* synga "heltane frå Sørlandet, O aoa o!" når det måtte passa seg (som er ganske ofte)
Takk for oppmerksomheten.
2 kommentarer:
Russetiden, ja... Husker den som om det var i går! (ikke at det er så fryktelig lenge siden, så hadde vel strengt tatt vært litt mer bekymringsverdig hvis den var gått i glemmeboken). Rart det der med russegreier, Det er liksom så stas men samtidig så ambivalent! Tror ikke jeg har hatt like ambivalent, men likevel så staselig (bare sånn for å gjenta meg selv) forhold til noe annet... Jaja... sånn er nå det... Hadde vært moro med russekort fra folka på KVS;) Du kan jo ta ansvar for å samle inn og sende til meg:p Bare sånn for å leke litt barnslig!
Dette ble visst en heidundrende lang kommentar må jeg si...
Eg elske lange kommentarar(for ikkje å nevna kommentarar i seg sjølv), så dette var eit kjærkomment innslag, Camilla =)
angåande russekorta, ska eg gjer mitt beste =)
åslaug
Legg inn en kommentar