Our Little *SECRET* Up On the Hill

~Where we'll walk every step of *forever*, together.

To His Glory.







torsdag 26. juni 2008

Eg er uovervinneleg


I dag har eg kjempa som ein helt. Eg har vunne mange kampar. Eg er uovervinneleg. Motstandaren min var ein treåring i trassalderen.
Ein absolutt verdig motstandar og kampane vart utkjempa med list, smiger, kløkt og mot.
Eg vann kampen om leverposteien (det seier seg sjølv at ein barnevakt ikkje kan godta at halve, utan å overdrive, leverposteiboksen skal på ei einaste skive)
Eg vann kampen om den oransje dropsen (enden på visa var at dropsen fekk ligga i ei glasskål under ein gul tøykrabbe medan den flinke barnevakten nummer to las om "den vesle bjørnen og den vesle tigeren")
Eg vann kampen om dei raude trantablettane (her kom ein far-patrulje til unnsetning, sjølv om me hadde situasjonen under kontroll)
Eg vann kampen om sauen Shaun (etter mange logiske innlegg i den etter kvart svært oppheita debatten om å sjå ein dvd til, såg han ei løysing i boka om "den vesle bjørnen og den vesle tigeren" )
Kampen eg ikkje vann: barnevakt sjarmert i senk
Eg smelta heilt då luringen og eg sat ved sida av kvarandre i sofaen og såg på Elias. Plutseleg snudde han seg mot meg med eit sjarmerande smil og kviskra: "Skal me holda kvarandre?"
Me haldt hender resten av Elias-filmen =)
Eg var uovervinneleg, heilt til då.

5 kommentarer:

åslaug sa...

det nye barnet kom forresten heim i dag =)

Ingjerd sa...

haha du har med andre ord øvd deg te du ska te irland ? eg har foresten hatt jobbopplæring for første gang på shell. det var ganske kjekt, men veldig flaut og:P

åslaug sa...

Øvd ja, da ska ver sikkert og visst =)

melding til alle: dette blir forresten muligens einaste kommunikasjonsvei te høsten, for eg e usikker på om eg tar med meg telefon...

Sandra Robertsdottir sa...

du har jo nobeliss også da ;)

åslaug sa...

sandra: eg meinte sjølvsagt nobelis og blogg, men mest sannsynleg blogg, for eg vett ikkje kor masse internett eg får tak i neste år =)