Our Little *SECRET* Up On the Hill

~Where we'll walk every step of *forever*, together.

To His Glory.







tirsdag 24. juni 2008

Eit nytt barn


Eg har vore i Herøysund, på garden Inngjerdet dei siste dagane. Der har eg besøkt farbror Øystein og Una og vesle Solfinn. Eg har øvd meg til å vera au pair i Irland.

Una skulle ha eit barn ganske snart, og natt til mandag vart eg vekt klokka tre om natta. Jordmor sat i stova då eg kom ned, og ikkje lenge etter sat me i bilen på veg til ferjekaien på Sunde for å ta ambulansebåten. I båten var eg barnevakt og passa på at Solfinn ikkje ramla utanfor benken han låg på. Då me kom fram hadde han vakna og var ganske forvirra. Me tok drosje frå kaien til sjukehuset, der slapp me av Una og køyrde vidare opp til Olvikvegen for at eg og Solfinn kunne legga oss til å sova.

Solfinn var på dette tidspunktet ganske vaken og etter å ha lagt seg første gong, stod han opp igjen og var "tørst og sulten". Eg fann skive med kvitost til han og eit glas mjølk og vatn. Då han hadde ete den eine skiva, annonserte han at han ville ha tusen skiver til. Eg og farmor foreslo at han heller kunne få tusen skiver i morgon, for nå var det eigentleg natt. Han var ikkje heilt med på den, logisk nok: når lyset (og regnet) er det same heile døgnet er det ikkje lett å forstå at natta er mellom elleve og åtte.
Han endra ønsket om å eta til å ville lesa bok. Farmor sa me kunne lesa bok dagen etter, men då kom det resolutt: "Nei, i morgon har vi ikkje tid. For då skal vi på sjukehuset og få ut babyen."

Eg gjekk og la Solfinn igjen, og så gjekk eg og la meg.
Dunk, dunk, dunk, dunk.
Lyden av små føter som går ned trappa. Lys barnestemme i etasjen over. Eg står opp att.
Solfinn har no bestemt seg for at han vil lesa bok, nede. Eg les litt for Solfinn, han sovnar ikkje. Farmor tilbyr seg å sitje oppe med han i stova. Eg kapitulerer og legg meg att. Eg veit ikkje om han sov resten av natta, men det gjorde eg.

Eg vakna skraping og dunking på døra mi. Solfinn prøvde å feste eit basketballstativ mellom soveromsdøra mi og dørkarmen. Eg stod opp. Eg møtte farmor på kjøkkenet. Klokka var ni, eg hadde sove i tre timar.

Vesleguten til Una og Øystein kom 06.45.

Solfinn var plutselig storebror. Han var ivrig etter å sjå babyen, så me gjekk bort på sjukehuset. Der møtte me Øystein og Una og vesleguten.
Av farmor fekk han nyplukka roser frå hagen. Av meg fekk han babysokkar strikka av Una sitt restegarn og pinnar. Solfinn fekk ei eske med drops.

Babyen var liten. Han laga lite lyd og var enno verken målt eller vegt. Han hadde heller ikkje navn. Skjønt, alt dette er manglar ein klarar å leve med.

Då Solfinn kom heim til oss etterpå, var det første han sa til Per (som opna døra): "Eg har fått ein baby!"
Dette oppsummerer vel natta og dagen sine hendingar.
GRATULERER TIL UNA, ØYSTEIN OG SOLFINN.

5 kommentarer:

Marita sa...

Så koseligt :) Du får gratulera di fra Finnøybuen :P
Ka ti du reise te chicago forresten? Du rakk kje å ver me på skjærgårds fyst?

åslaug abigail sa...

Takk takk på vegne av familien =)
eg reise 2.Juli, så skjærgårds blir vanskelig. Glad-maten e og mens eg e i USA, så da blir kje nåke av det heller. Eg sa te Øystein at han måtte komma på tomatfestivalen, men dåke kolliderte både med Øya og etnemarknaden, så da gjekk ikkje =)
i dag ska eg laga plommeis =)

Marita sa...

så kjedeligt :( jaja, eg får kjøpa isa av dokke for d om :)

Anonym sa...

Du får sei til dei at dei får ha eit bilde av deg i bua. Du kan jo laga ei maska, så dei andre kan ha når me komme for å kjøpa is.

åslaug abigail sa...

bra, Marita.
Eg skal foreslå det Marianne =)