Our Little *SECRET* Up On the Hill

~Where we'll walk every step of *forever*, together.

To His Glory.







søndag 15. juni 2008

JUBILEUMSINNLEGG!!


Dette er altså innlegg nummer 50 på denne bloggen.

Og det er sanneleg på tide: over ein månad sidan sist!


Ellers er eg heime for sumaren.

Eg er FERDIG MED VIDAREGÅANDE.

Eg treng ALDRI MEIR GÅ PÅ SKULE med mindre eg vil.

Orda med store bokstavar er ord eg likar å seie høgt, med trykk på alle orda. Det gir meg ei deilig kjensle innvending å sei dei,

høgt,

men trykk på kvart ord.


Likevel var fredagen ein sorgens dag. Eg var, som alle andre i tredje klasse, nøydde til å slutta på KVS. Stort tristare kan det verkeleg ikkje verta. Eg grein. Men ikkje på langt nær så mykje som mange andre. Men eg fekk mange gode klemmar og ord eg kjem til å hugsa lenge! Eg har hatt tre fantastiske år på verdas beste skule, eg skulle gjerne ha budd der i ni år til. Men eg er glad for å vere ferdig med eksamen.


Neste år siktar eg mot den grønne øya.

Laaangt heimefrå.

Her skal det verta engelsk å vera stolt av.

eg gler meg

mest fordi eg veit kva eg skal gjere neste år:

eg skal vere au pair i Irland.

eg gler meg.

Gud er god.


God natt.
*eg tykte forresten at det passa framifrå med eit bilete av ein soldat frå første verdskrig som vert kyssa farvel av ei jente. Det er på kinnet, så det er sømeleg nok =) og dette var eit kamuflert farvel innlegg... farvel KVS..

6 kommentarer:

Lonely Paul sa...

Hello

Marianne sa...

Endeleg har du planane klare. Det er bra, men syns du ikkje det er litt langt når du skal på teselskap? Eg kunne tenkt meg ein tur på besøk for å finna meg ein ire(og for å besøka deg sjølvsagt).

åslaug sa...

Jo, litt langt blir det jo =)
men kva gjer ein ikkje for ein kopp med te? Du er hjarteleg velkommen: eg skal prøva å gjer meg kjent med dei innfødde før du kjem slik at eg kan anbefala deg ein ire =)

Ingri sa...

Eg er ikkje så god på gamalnorsk som dykk, og håpar difor dykk har medkjensle med meg og let meg senda nokre tankar på "morsmål":

Kjære Åslaug! Har du fått au pair jobb? Eg e gla i deg uansett:) Nå skinne solå. Snart komme vel sommeren og gla-maten og då ses me:)

Ingvild sa...

Fryktelig langt vekke blir det, men på den andre siden kan det ikke ta mer enn 7 timer fra Lyngdal...?

åslaug sa...

Ingvild: Nei,det er faktisk lengre fra Stord til Lyngdal enn fra Irland til Norge, så jeg kommer på en måte nærmere =)

Ingri: Du er jo flink på nynorsk du! Ja, eller eg får jobb snart. Eg skal dessverre ikkje på Glad-maten, for den er ei anna helg enn eg trudde, så eg er faktisk i Chicago i dei tider. Men eg kjem til Stavanger-området 1.-3. August uansett =)så me sjåast uansett! Eg e så glad i deg! Sola skinte her, men akkurat no regna det...