Our Little *SECRET* Up On the Hill

~Where we'll walk every step of *forever*, together.

To His Glory.







mandag 29. september 2008

Au pair for ein dag

Eller for eit år. Men dette var for at dåke andre som ikkje er au pairar skal få litt kjensla av korleis det er å vere au pair i Ballyhagen.

08.00: eg vaknar frå ein draum eg gjerne kunne vore litt lenger i. Eg drøymte at eg var på eit Authentic Girl seminar , eg vakna med den tanken i hovudet at eg skulle dit og ville dit og kom til å reisa dit.
Når eg tenker tilbake på drømmen, hugsar eg at dei i tillegg hadde funne den perfekte tre-timars syklusen for mattider for babyar, slik at dei aldri skreik og alltid sovna når dei skulle (les: når eg vil). Kanskje det var dette som gjorde draumen så attraktiv.
.
08.30: dette er tidspunktet då eg byrjer på jobb, så eg fant ut at det var på tide å stå opp frå senga og finna nokre kle å ta på seg (dette går an når jobben er ei trapp unna).
.
Då eg kom ned på kjøkkenet, fant eg ut at stemmen min var vekke, så til tross for fleire venlege "good morning" og "morning" så fekk ikkje vertsfamilien min noko svar (eg er usikker på om dei ikkje merka det, eller bestemte seg for å ignorera meg sidan eg likevel var så uhøfleg). Eg gjekk rundt og leita etter Bianca (5) sin "lunchbag" og då eg fann han, laga eg matpakke til ho. Så laga eg tåteflasker (mjølkepulver+varmt vatn).
.
Då eg hadde gjort det begynte eg på frukosten min. Klokka var nå ca 8.50.
Så skifta eg bleie på Dylan (7 mnd), gav han graut (igjen, pulver + vatn) og vaska av benkane og bordet. Sat oppvask inn i maskinen, sat inn matvarer i kjøleskapet. Prøvde å skifte bleie på Mckayla (nesten 3) (ho blånekta, begynte å grina og akkurat då kom mammy inn døra, så ho skifta bleia i staden). Eg var halveis i frukosten, så eg flytta den siste delen av frukosten min litt vekk frå den våte bleia på bordet.
.
Så kom postmannen på døra, han såg vill og innfødt ut i grønne klede og langt kvitt skjegg. Han peikte på namnet mitt på eit brev og spurte om den personen budde her. Eg sa det var meg, og han sa at det var det han trudde. Brevet var frå misjonsalliansen. Kanskje eg skal støtte eit fadderbarn i Ecuador? Eller Kina? Eg trur kanskje det. Eg liker betre å støtte ein person enn eit prosjekt (i vertfall kjennest det meir ut som å støtte ein person når du får navn og bilete).
Eg kunne tenkt meg eit barn å tenke på, ha bilde av, be for og (viss eg er heldig) sende brev til.
.
Så kom Nanny (bestemor) på besøk, og spurte "hawarye" (how are you, omtrent det same som hallo) og påpeikte som vanleg at vêret såg ut til å vere litt gråare og kaldare enn dagen før. Ho er veldig koselig, eg liker ho veldig godt. Eg satte på to klesvaskar. Eg satte Dylan i walkeren (ein slags gåstol for ungar som er så små at dei eigentleg ikkje kan sitte), så han sprang rundt i den. Han krasja i Mckayla (som begynte å grina) og køyrde to gongar over tærne mine. Eg tok ut av oppvaskmaskinen, og satte inn.
.
Dylan fekk ei flaske og gjekk med på å bli lagt i senga si utan så alt for store problem. Mckayla gjekk på besøk til Nanny (som har ein leilighet i huset vårt). Eg strauk klede og følte meg lite kvalifisert for oppgåva. Eg brant meg fordi eg tok på strykejernet.
.
Eg og Mckayla laga gelè og satte han i kjøleskapet for å venta på at han skulle bli "Wiggely"
Så var det elenvens/coffee break (me i Norge ville kaldt det lunsj). Eg strikka på tøflane mine og dei andre åt. Etterpå tørka eg av bord og benkar, sat mat inn i kjøleskapet, og oppvask inn i maskinen.
.
Eg fekk ei melding på mobilen frå min einaste venn (hittil) i Irland, at ho reiser heim i morgon. Jaja, eg får finne meg ein ny venn i Irland og vere glad for at eg har ein ny i Norge!
Eg var ute på klessnora og henta klede og hang opp klede. Mckayla var travelt opptatt med å vaska hendene og ein tusj ho hadde. Eg strikka litt, puste tennene og kledde på Mckayla. Så var det lunsj (1.00-1.30) og Dylan vakna og eg skifta bleie og gav han meir "pulver+vatn". Mckayla og Mammy drog for å hente Bianca på skulen og eg rydda opp på kjøkkenet (igjen) og bada og kledde på Dylan. Så fant eg fram ei tåteflaske med eplejus, skifta bleie og gjekk opp og la Mckayla. Bianca fingerhekla, drakk varm sjokolademelk og gjorde lekser (fargelegga ein hund og skriva ti r-ar), me krangla om korleis ein skulle skrive r-ane. Eg strikka.
.
Mckayla vakna og eg fylte opp badekaret med lunka vatn. Eg klipte negler og vaska hår og argumenterte for kven som skulle få gå først ut av badekaret. Det blei Mckayla. Så, når begge to etter, skrik og krangling og furting og somling og klaging var ferdige med å kle på seg oppdaga me at Dylan var våken. Han fekk ei flaske og ny bleie.
.
Me gjekk ned på kjøkkenet og spiste gelè og vaniljesaus. Vaniljesausen her er tjukk og ikkje så søt som i Norge. Han kokte over i mikrobølgeovnen. Eg var den einaste som hadde vaniljesaus gelèen. Hvis du aldri har prøvd å helle varm vaniljesaus over ikkje heilt stiv gelè, så veit du kanskje at gelèen blir til vatn igjen og at vaniljesausen stivnar i store flak. Det var deilig uansett.
Så kom Mammy heim frå jobb (10m unna) og dagen var over. Jippi!!!! =)
.
Eg gjekk på rommet mitt og oppdaterte meg på bloggar, epost og snakka i telefonene på Skype. Så var det middag (07.00). Eg likar ikkje tunfisk, og i dag har eg vore kvalm generelt, så eg drakk heller ein del vann til middagen. Etter middag var eg ute i mørket og snakka med Gud. Sandy, den store raude irske setteren me har, knurra på meg, men då eg snakka til ho kom ho istaden bort til meg og prøvde å gni seg gjennom meg (det kjentes i alle fall slik).
.
Eg fann lovsangar på youtube, åh, om du berre visste korleis det er å høyre norsk musikk =) ein deilig slutt på ein lang dag. Og enda er det berre mandag.

Nå er klokka 00.40. På tide å sova.
Guds fred alle saman,
åslaug

2 kommentarer:

Marita sa...

Så kjekt å lesa ka du holde på me som au pair :) Gjer någe av det samma eg og for tiå :P Men eg kan lura meg unna di verste bleiene :P

åslaug sa...

Håhå, pris deg lykkelig =)