Our Little *SECRET* Up On the Hill

~Where we'll walk every step of *forever*, together.

To His Glory.







søndag 28. september 2008

Strikking og tøflar

Eg trur eg har blitt bitt av ein blogg-bug. Eg har på følelsen at dette ikkje er dagens siste innlegg.
Denne gongen handlar det om strikking.
.
Eg strikkar tøflar. Eg fant ut at eg skulle begynna å strikka og fant ei oppskrift på ein strikke-CDrom eg har. Eg fant ut at det var greit å begynna med noko lite, sidan å strikke ein heil genser og så finne ut at han ikkje passar (most likely), sannsynlegvis hadde ført til ein brå død for strikkegleden, og dermed også strikkekarrieren min.
.
Eg var i Dublin sist lørdag og kjøpe garn. Dei hadde svært dårleg utvalg i garn som var 100% ull, superwash, til pinne nr. 4 og rimelig fine fargar. Nå skal det nevnast at eg presterte (kan det vere noko som ein prest gjer?) å kjøpe garn til pinnar nr. 5, men likevel. Alt garnet i butikken, utanom tre fire små kvadratiske hyller (15x15 cm), då har eg ikkje rekna med dei superdyre 50grams merinoullnøsta, var acryl eller acrylblandingar. Fargane på ullgarnet var så som så. Ikkje mykje eg ville valgt om det hadde vore noko anna. Men det var ikkje det.
.
Eg kom ut av butikken med eit lyselilla nøste og eit med ein lys sjøgrønn farge (ja, det er vanskeleg å forestilla seg). Eg likar dei no, men så har eg tross alt hatt dei mellom fingrane/pinnane nærmare konstant i ei veke òg.
.
Eg begynte på tøflane ein gong i forrige veke, i dag vart eg ferdig med den første. I dag (nærare bestemt 18.09 irsk tid) begynte eg på den andre. Eg skal bli ferdig før torsdag tenkte eg. Hælen og tåa og kanten er lys sjøgrønn, resten av tøffelen er lyselilla. Båndet rundt kanten er også lyselilla.
.
Eg skulle ønske eg hadde kamera, så kunne dåke fått sett bilder, men eg har ikkje det. Eg skal få eit snart (les: om eit par, ganske mange, vekelønningar). Eg gler meg til det.
.
Når eg er ferdig med denne tøffelen, må eg til f.eks Edenderry (I:den, her kjem trykket: derri) for å sjå om eg kan finne Irlands svar på ullvaskemiddelet Milo. Når eg finn det skal eg legge dei to tøflane i lunka Milovatn og vaska og skylla dei. Når dei er tørre og litt pressa, skal eg skriva under dei med "sånn utståande maling som gir same effekt som sånn kvitt under sklisokkar" slik at eg slepp å dette ned trappa her ein gong til. Eg datt berre 4-5 trinn, men eg har eit flott blåmerke på fua enno =)
.
Eg gler meg til dei blir ferdige, så slepp eg å fryse på beina. Irland er eit kaldt og ugjestmildt land. Eigentleg ikkje ugjestmildt, tvert imot, men i alle fall kaldt.
.
Når eg er ferdig med tøflane skal eg strikke eit par i motsette fargar og sende til Ingvild
(Ingvild, hvis du leste dette så fortreng det, slik at du blir skikkelig overraska når dei kjem i posten). Eg tippar ho blir kjempeoverraska. Og det er ein bra ting =)
.
Når eg får kamera skal eg ta bilete av alt eg skriv om. Særleg tøflane.
På torsdag skal eg kanskje på min andre irske pub, eg var på min første i går.
.
Me snakkes,
åslaug

4 kommentarer:

Anonym sa...

Stakkar trappedetter-Åslaug. Eg er på min som regel daglege venners-heimeside-skjekk. Og er var det to innlegg. Jipppi. Eg gler meg til du får kamera i hus. Eg vil sjå korleis din heim- Irland har det. Og så vil eg kjempemasse på besøk til deg, men det er så vanskeleg å koordinera slik at det passer for alle. Men det skal me jobba for å få til. Stor virtuell klem frå Marianne.

åslaug abigail sa...

Åh, ein likestor virtuell klem tilbake. Dine virtuelle klemmar betyr svært masse for meg, vær ikkje i tvil! Eg måtte skryta frå Olav (Tjelle) at 3NA fekk 3,9 i snitt på sidemålseksamen, det var "kuler og krut så bra" =) *skryt skryt* så veit du det, Marianne =)

Anonym sa...

Så flinkt! Me var jo den beste klassen av alle. Me holdt til og med kjeft når læreren ba oss om det.
Klemski.

åslaug abigail sa...

Ja, me var veldig snille. Eg e såååå lei meg for at eg ikkje va der den timen. Eg hadde nesten INGENTING fravær, men akkurat då! Åh. Moralen e, dra ikkje te legen.