Our Little *SECRET* Up On the Hill

~Where we'll walk every step of *forever*, together.

To His Glory.







søndag 28. september 2008

Husarbeid vs. Barnepass

Eg har jobba litt innanhus i det siste og eg har funne ut ein ting
eg ikkje hadde trudd om meg sjølv.
Eg likar husarbeid.
.
Blant dei tinga eg særlig likar med husarbeid er:
.
*at oppvasken aldri nektar å bli vaska opp fordi det er "feil" farge på oppvaskkosten
.
*bordet verken hyler eller vrir seg eller kliner til heile meg med spytt og matrestar når eg vaskar det
.
*eg kan feie golvet utan at det spør kvifor,
eg kunne ha svart det "du er skitten"
utan at det hadde spurt kvifor igjen,
eg kunne ha svart det på nytt "fordi nokon har gått her inne med skitne sko"
utan at det igjen hadde spurt kvifor,
og eg kunne svart det igjen at "det skulle eg og gjerne visst"
utan at det hadde spurt kvifor igjen
(eg snakkar ikkje med golvet, dette var eit eksempel)
.
*eg kan sette inn i oppvaskmaskina utan at ho protesterer på kva ting som blir satt inn
.
*eg kan tørke støv utan at kluten nektar å ta opp støvet fordi det ikkje var den som la det der (det var ikkje eg heller...)
.
*eg kan sette leikegrinda, sparkesykkelen og bordet der eg vil, utan at det byrjar å grine fordi det ikkje har lyst til å stå der.
.
*eg kan løfte opp ting mens eg feier golvet så ofte som eg vil utan å skjemme dei bort så dei blir "spoiled" og grin med ein gong eg sett dei ned at.
.
*feiebrettet trassar aldri når eg prøver å sette det på plass
.
*oljefyren gjer som eg seier når eg ber han varme opp vatnet i løpet av ein halvtime
.
*vaskemaskinen sluttar ikkje å vaske opp etter to minuttar fordi han heller vil gjere noko anna
.
.
Ein ting eg likar med ungar:
*dei er svært søte med tannkremskum over heile haka,
eg veit eg ikkje er det =)

åslaug

2 kommentarer:

Anonym sa...

løye! Du e go t å skirva! Kjekt å lesa:)

åslaug abigail sa...

Å =) Ingri, eg nyte kommentarane dine!!