Our Little *SECRET* Up On the Hill

~Where we'll walk every step of *forever*, together.

To His Glory.







mandag 6. oktober 2008

Vandring i mørket

Hei =)
No er eg akkurat tilbake frå ei vandring til Derrinturn og tilbake igjen.
Eg lånte filmar i går (PS! I Love You og Passion of the Christ), så eg var nøydd til å levera dei igjen i dag før åtte.
Eg såg den første i går kveld, men eg rakk ikkje å sjå The Passion, så eg lånte den igjen, og er dermed sikra ein god tur i morgon òg.
Det vil sei at eg i morgon har gått 4 km om dagen i fire dagar i strekk =)
Nice!
.
Eg starta litt seint på turen min, for då eg begynte på heimvegen begynte det å mørkna og innan eg var heime var det mørkt og regna.
Så eg gjekk fort for ikkje å bli våt/påkjørt/ete av sinte hundar.
Då eg kom inn, raud i ansiktet og ganske våt og pjuskete, var dei andre i starten på middagen.
Eg er ikkje så veldig glad i så mykje oppmerksomhet som ein får når ein kjem inn i et rom og med ein gong får fem par auge festa til seg, så då eg i tillegg presterte å mista ei flaske i golvet, blei eg så flau at eg gjekk opp på rommet mitt utan middag.
Så eg er litt for flau til å ete middag.
Eg sit på rommet og et sjokolade (70% sjølvsagt) og les bloggar i staden.
.
Dette sitatet får meg alltid til å le høgt:
"The days of knights and fair maidens are long gone.
For many young women the question, “Can I carry that for you?” sounds more like, “Prithee, fair maiden! Allow me to relieve thee of thy luggage.”
To which they respond, “What century are you from?”"
.
.
Det var kveldens tankar.
Å, jo, eg har kjøpt Pride & Prejudice i dag! For Fem euro =)
.
Mange Virtuelle Klemmar frå
åslaug

3 kommentarer:

Marita sa...

Du e go Åslaug :D Komme te å bli ein racer viss du fortsette i dette tempoet :) Gla i deg :)

åslaug sa...

Heh, ja... Viss dette ikkje berre e eit tegn på at eg verkeleg ikkje har nåke fornuftig å gjer. Ka e meir fornuftig enn å blogga? Eg trur tankedeling e viktig. Ein må berre passa på at ein ikkje dele de opp i for små bitar =)
Eg e så glad i deg òg!

Ingvild sa...

Stakkars lille vennen min, som må går langt og låner for mange filmer og ikke får middag en gang =P Jeg blir litt oppgitt, som du sikkert kan tenke deg... ;) Men så lenge du har det bra er jeg veldig fornøyd =D
Og siden besøket mitt ikke gikk før etter halv elleve så rakk jeg ikke å ringe deg opp, men jeg skal prøve å være på Skype litt i dag =)
Glad i deg! <3