Our Little *SECRET* Up On the Hill

~Where we'll walk every step of *forever*, together.

To His Glory.







lørdag 4. oktober 2008

A Wå:k to Iden `derry og buss til Derrin`turn

Her kjem oppdateringa frå forrige innlegg:

.

I dag har eg gått til Edenderry. Eg brukte 1, 5 timar på dei 4 kilometrane, så eg er ikkje sikker på om det er avstanden. Nå måtte eg stoppa eit par gongar og late som om eg såg på kyr, for at trafikken skulle gli nokonlunde greit (det var ikkje plass til to bilar og eit menneske på vegen, og endå køyrde dei i 80, ikkje sånn, me gjer jo og det).

Hmm, eg veit ikkje.

Eg kom i alle fall til Edenderry!

.

På vegen såg eg traktorar og ekte irsk kumøkk (å, det lukta heimleg!!)

Utruleg kva tre år på ein gard kan gjera med deg.

Eg følte meg meir heime enn på lenge der mellom traktorar, høyballar, kyr, postman-Pat-sauer (suffolk), grinder, kumøkk og strømgjerder.

.

Eg møtte ikkje fleire hundar enn dei fire eg visste om frå før. Mistanken min om at alle irske hus (ikkje gardane) er store, lyse murhus, med digre grønne forhagar, svære smijernsportar (alltid opne av ein eller annan grunn) vart svært bekrefta. I tillegg så har alle gneldrande hundar som, om dei kan, spring ut i vegen for å bjeffe på deg (som om du ikkje høyrde dei godt nok frå før..)

.

Vegane er smale og svingete, det er stadig vekk gule "sharp bend" skilt. Men eg hadde ein nydeleg tur i regn og vind,

alt fra ikkje regn til duskregn til svært kraftig regn

og litt vind og litt meir vind.

.

Då eg kom til Edenderry var eg ikkje så lite stolt, eg ringte min favoritt-Finnøybu og fortalte det. Eg trur (innbiller meg, vil tru) at det er litt norskt å kle godt på seg, smøre matpakke og gå ut i all-slags-vêr for å kjøpe sjokolade. Ikkje pga. sjokoladen, men berre det å gå ut, liksom.

Eg trur mange ville holdt seg inne i dag (det gjorde også de aller fleste).

.

Eg fekk kjøpt Ryvitaknekkebrød og antibakteriell håndgel. Eg trur det er to ting som kjem til å halde meg litt friskare framover. Ryvita fordi det er større sjans for at eg byrjer å ete skikkeleg igjen viss eg kan ete grov brødmat heile dagen i staden for lyst brød og varmlunsj, og sidan dei er dårlege på å kjøpe håndsåper her i huset og desinfeksjonsmiddel berekna på badefliser er skadeleg for hendene når du skifter bleier heile dagen, er antibacteria ein god ting.

.

Eg fekk og kjøpt Irlands svar på Milo (Woolite), så i kveld skal eg legge dei no ferdigstrikka tøflane i Woolite vatn og i morgon skal dei tørke, og så skal eg male dei med utståande maling (slik at eg får sklisokk-effekt) og på mandag er dei forhåpentlegvis ferdige.

.

Eg gjekk i masaisko, så eg er støl i ryggen men absolutt ikkje så sliten eg burde vera (og eg kjenner ingenting i hofter, kne eller anklar etter eit par timar på asvalt, uvanleg). Men det er bra òg, så har eg ikkje sløst vekk 2000 kr på ingenting =)

.

Eg har kjøpt Fox's mints, ein av dei verkelege gode grunnane til å flytte til dei britiske øyane.

Ein annan god grunn er at uansett vêr ser morgonane alltid ut som ei scene frå Pride & Prejudice.

Dei har KitKat-sjokolade (det trur eg dei har i Noreg og, men er ikkje sikker),

dei har eit avslappa kjøyre system,

dei snakkar finare engelsk,

tea-en er betre.

Det er ikkje noko 20 års grense på whisky

ein treng ikkje kjøyretimar.

ein kan bruke sjekk

kontaktane er meir allsidige (du kan bruke norske og engelske om kvarandre, men ikkje utan risiko),

bussjåførane er koselegare,

alle tiltaler deg a. høfleg (England) miss, please, b. kjærleg, love, dear (Irland)

.

Lista er utarbeida i samarbeid med fetter Gunnar frå landet Kirkwall, Scotland

.

Då vil eg gjerne få sei god natt.

See youse tumårrow, I'm snuggling up in bed any minute now.

2 kommentarer:

Sandra Robertsdottir sa...

hørtes ut som om du hadde hat en koselig tur :) btw. det er kit-kat sjokolade i norge^^ håper du har det fint heldige du <3 kjempegla i deg <3

klemmmm<3

åslaug sa...

Kjære Sandra! Eg har savna deg! Godt, her er ganske mange kit kat versjonar, eg fant ein ny i butikken i Derrinturn i dag =)
Veldig glad i deg òg!

klem <3
<3