Our Little *SECRET* Up On the Hill

~Where we'll walk every step of *forever*, together.

To His Glory.







lørdag 4. oktober 2008

Ein blåsbort dag i Irland

Det er laurdag morgon (les lunsj).
Eg sit i senga mi i Ballyhagen, Irland og strikker. Eg er omgitt av lyselilla garn og sjøgrønt garn, ein halvferdig tøffel, ein ferdig tøffel, ei bok, ein Bibel og ein datamaskin og har det veldig bra =)
.
Eg har mykje å tenke på, og ein del eg skal gjere.
Eg trur eg skal ta ein tur til Edenderry (iiiiden`derry, eg må øva meg på å sei det, slik at eg klarer å få kjøpt bussbilletten)
Iiiden`derry,
iiiiiden`derry,
iiiiden`derry
Okey, eg trur det skal gå bra.
.
Så må eg øva meg på å sei Derrinturn.
Derrinturn.
Det var ikkje så vanskeleg.
.
Eg tenker på om eg skal gå til Derrinturn (der busstoppen er).
Det er berre to kilometer unna.
Viss eg husker veien.
Viss eg tar sjansen på å gå forbi alle dei skumle hundane som bur bortover her.
.
Men då må eg ha joggesko. Og dei er heilt nye, så det luraste er nok å dyppe dei i vann før eg går slik at dei formar seg til foten. Men dette er Irland, eg har på følelsen at eg ikkje treng å gå til Derrinturn. Kanskje eg bles dit istanden.
Og er det eigentleg så lurt å gå med våte sko i kald vind når ein allereie er litt småsjuk?
.
Eg tenker på å kjøpe kamera i Edenderry.
Iiiden`derry.
Eg har så lyst på kamera nå, og så vil eg at mine kjære blogglesarar skal få sjå korleis Irland ser ut på innsida.
.
Men så var det pengane då. Eg er usikker på om eg har råd til både kamera og bussbillett (Eg kunne jo gå til Edenderry, det er berre 4 km). Men viss eg har råd til både bussbillett og kamera, så har eg i alle fall ikkje råd til ny tannbørste og grove knekkebrød, eller ullvaskemiddel.
Hmm, kanskje eg må venta med det kameraet. Eg trur det.
.
Skal eg gå til Edenderry?
Heilt ærleg. Fire kilometer er ikkje så veldig langt (Knudsen er nesten tre, sant?). Viss ein kan vegen vel å merke. Eg kan ikkje vegen. Skulle det gå heilt ille, kan eg jo berre gå tilbake og få nokon til å køyra meg til busstoppen. Når ein ikkje har fjelltoppar å bestiga (eg har ikkje sett eit fjell sidan eg kom hit), så får ein vel ta til takke med det ein har (4 km grus/asvalt til Edenderry). Ein kan ikkje slutte å gå lange turar berre fordi ein bur i Irland vel.
.
Eg trur eg går til Edenderry.
Eg trur ikkje eg seier til nokon at eg har lyst til å prøve.
Eg trur eg prøver å finne eit kart før eg går.
Eg trur det er lurt.
Er det ikkje for tider som dette at ein har mp3-spelar?
Eg trur det.
.
I verste fall går eg meg heilt vekk eller møter ein stor og farleg hund (det første er ikkje veldig sannsynleg sidan vegane her berre er lange og trange, og svært sjeldan kryssar kvarandre. Når det gjeld det andre, kan eg jo berre late som eg ikkje ser han og tenke på at eg aldri er overlatt til skjebnen men alltid er i Guds hender).
.
I nest verste fall, får eg meg ein fin dag på opplevingstur i Ballyhagen.
.
I beste fall kjem eg fram til Edenderry, kjøper grove knekkebrød, sjokolade (evt. til heimturen), ullvaskemiddel og tannbørste og vurderer å gå heim igjen.
.
Eg skal holda dåke oppdatert. Forresten, dette blir jo ikkje verre enn å gå til Arild på ein fire timars søndagstur i oppoverbakke på asvalt, blir det Ingrid (H)? Eg trur eg går ned og et frukost og smører matpakke.
.
Je je, see youse later, I’m goin’ for a wå:k.

2 kommentarer:

Anonym sa...

I dag bles det godt på Jæren og. Eg måtte halda litt ekstra i rattet nokre stadar då eg køyrde i frå skulen.

No er eg nygjerrig på om du kom deg fram til Edenderry. Tannbørster er eit vanleg hjelpemiddel i Irland også?

åslaug abigail sa...

Joda, dei bruker åpenbart ein del tannbørster også her, for eg fant fleire typar då eg var i butikken. Eg kom fram, og tilbake. Sjå neste innlegg =)